Om Giske hamnevesen
Giske hamnevesen vart skipa i 2025 som eit kommunalt føretak for å forvalte hamneinfrastrukturen i kommunen, etter havne- og farvannslova.

Ein av dei største fiskerikommunane
Giske er ein sentral fiskerikommune. Nesten éin av fire arbeider i sjømatnæringane og 250-300 er registrerte i fiskerimanntallet. Ved å utvikle hamnene våre tryggar vi ei sentral næring på Sunnmøre, og legg til rette for meir verdiskaping i regionen.
Hamner med historie
Hamnene i Giske har vore knutepunkt for sjøvegen i generasjonar. Dei kommunale anlegga er i stor grad bygd og utrusta til fiskeriformål, og tener i dag både kommersiell skipstrafikk, fiskeri og lokalsamfunn. Dei største hamnene finn du i Geilevika på Godøya, Roaldshamn på Vigra, og Gjøsund hamn mellom Vigra og Valderøya.


Gjøsund – nasjonal fiskerihamn
Gjøsund hamn er under utvikling som nasjonal fiskerihamn. Her etablerer vi ei offentleg RO-RO-kai og pirkai som i størst grad vert nytta av offshore rørleggingsfartøy, og nye kaianlegg kjem frå 2026 og utover. Saman med Gjøsund næringspark utgjer hamna eit unikt knutepunkt for maritim næring – tett på flyplass, hovudleia og fiskefelta. Her skal fiskerinæringa få alt på éin plass, med rom for vekst og grøn omstilling.
Slik er vi organisert
Medan hamnevesenet utviklar eigen organisasjon, er hamnene mellombels administrert og drive av Ålesundregionen havnevesen. Dette sikrar profesjonell drift medan vi byggjer opp vår struktur.